Oppdrag på Kongevegen!

Vi har laga fleire bruer til Kongevegane i Vang og på Lærdal! 

Bruene er laga etter skildringar frå 1794 og er ein del av prosjektet Kongevegen over Filefjell!

I Vang har vi laga brua over Hagabekken i Kongevegen i Øye. Snart står brua over Sauebekken i Kongevegen i Kvamskleiva for tur....

På Sognesida har Arne og Kjell laga Vetle Sokni bru og Store Sokni bru! Lill Helen har måla skilt til desse bruene!

Vi har også laga prototypen av treverket til Kongevegbenkane som også er plassert ut langs Kongevegane i Vang og på Lærdalsida! Ramma i stål med Kongeveglogo er det Morten Romslo i Vang som har laga.