28. feb, 2017

Har du eit spørsmål?

Vi får ofte spørsmål om diverse rundt innredning og då spesielt kjøkkeninnredning i gamle hus. Dette har eg lyst til å skrive litt meir om, ut i frå kva eg har lese og lært, og ut i frå erfaring både frå eige gamalt hus og innredningar, og i tillegg til at vårt firma har laga fleire kjøkkeninnredningar tilpassa eldre hus. Vil ikkje på nokon måte kalle meg ekspert på området, og ynskjer mange tilbakemeldingar, erfaringsutveksling og gjerne faktaopplysningar frå den som vil dele det.  Alle spørsmål er også hjertelig velkomne.....🙂om alt frå innredning til fargar og anna som opptek huseigaren!

 

Lill Helen 

Kommentarer

21.07.2022 03:35

Merete Hoel

Hei:). Så flott blogg. Faren min bor i et hus fra 1950-tallet. Det har selvsagt blitt en del oppussing, men kjøkkenet er ganske falleferdig. Er det typisk dyrere å pusse opp kjøkken i et gammelt hus?

26.07.2022 10:40

Lill Helen

Hei Merete
Nei, det trenger ikke være dyrere å pusse opp kjøkken i ett gammelt hus. Det kommer an på hva slags innredning man ønsker, og om det er mye som må gjøres med selve rommet.

11.03.2018 14:47

Mari Ellingsen

Heisann
Har du et tips til å få et gammelt preg på ei ny ubehandlet furu benkeplate?

16.03.2018 09:00

Lill Helen

Hei Mari!
Du kan farge plata først med olje med pigment eller beis, og så olje med ei god benkeplate olje to, tre strøk. Lady interiørbeis Patinagrå, Drivved, Shabby er fine!

28. feb, 2017

Kjøkkeninnredning tilpassa gamle hus!

Har nylig fått spørsmål om tidsriktig kjøkkeninnredning til hus fra 1750 på Sørlandet, som eg vil starte mitt første innlegg om.

På 1700-og 1800 talet fanns det ikkje kjøkken og kjøkkeninnredning slik vi kjenner dei i dag. Begrepet kjøkken var det kun overklassen som brukte. Det var eit allrom innreidd med bord, benker og stolar, diverse frittståande skap og skjenkar, tallerkenrekker, grue/peis og gjerne også ei seng. Eit spiskammers var det nok også i dette rommet, enten i eit hjørne eller i eit eige lite rom ved sidan av.

Dei første kjøkkeninnredningane slik vi kjenner dei i dag kom først rundt 1900!

Men, kva råd skal ein så gje om tidsriktig innredning til dette huset frå 1750?

Først og fremst så skal ein sjølvsagt tenke på det praktiske, og eit slikt kjøkken kan vere både praktisk og moderne inni, men ha ein "gamaldags" utsjånad!

Frontane på skapa på 1700- og 1800 talet var sikkert litt forskjellige frå distrikt til distrikt, og gjerne laga av huseigaren sjølv. Skapa var plassbygde, med mykje skrog rundt frontane, som ofte var falsa, hadde rammetre og flatt speil. Skuffefrontane var som oftast heilt slette. På fine framskap kunne det sikkert vere meir profilar og forseggjorte speil i frontane.

Det første eg gjerne vil finne ut, er om det finns gamle skap i huset som kan vere mal for både skrog og frontar til eit nytt kjøkken? Slike skap kan vere både frå 1700, 1800 og først på 1900-talet, slik at ein uansett vel ein epoke som huset har "levd" i.

Har du ingen faste haldepunkt som eksisterande skap, frontar el. lign., kan det kanskje finnast bilder, eldre folk som hugsar det gamle kjøkkenet eller rester av materialer, skap og frontar som er brukt i uthus.

Finns det ikkje nokon faste haldpunkt, kan du jo gjerne stå ganske fritt, og velge ut i frå smak og stil du likar. Det er trass alt viktig at du skal trivast med det nye kjøkkenet ditt!

Det vil ikkje vere feil om ein vel til dømes ei framskapløysing på ein vegg, enten samanhengande med resten av innredningen, eller som eit frittståande framskap eller dekketøyskap. Innredningen kan elles bestå av benkeskap og skuffer og gjerne kun hyller eller tallerkenrekker på veggane om takhøgden er lav. Dei fleste vil også ha bygt inn eit kjøleskap og andre kvitevarer. Utvendig kan skapa ha breie skrogkantar mellom frontane, slette skuffefrontar og rammetredører, gjerne enkle rette kantar mot speil utan fylling, og falsa med synlige hengsler. Hengslene kan gjerne vere moderne, sjølvlukkande, sidan det kun er pinnen som viser utanpå.

Eit alternativ som kom på 1800-1900-talet er panelinnredning, og frontar som ligg jamt med skroget. Her kan ein ha stablehengsler, som vart brukt før, og gjerne rammedører med panel i speilet. Det vil vere meir stabilt enn paneldører, slik dei vart laga før. Det vart ofte brukt restepanel frå romma, både til skrog og til frontane som hadde labank bak. Av erfaring veit vi at slike frontar kan vri seg, i allefall om ikkje materialet er skikkelig tørt. Det vil uansett kunne endre seg med temperatur- og luftforandringar.

Mange vel difor å lage slike kjøkken i plater med freste panelspor. Nokon synes dette er heilt ok., medan andre ikkje synes dette blir «ekte» nok.

Uansett, eit generellt råd må bli at ein til eit eldre hus vel eit skreddarsydd, heiltrekjøkken. Det kostar ofte litt meir enn kjøkken i MDF og melamin, men til gjengjeld kan det tilpassast rommet godt, stå i generasjonar, og kan lett malast oppatt og gjerast reperasjonar på.

Kilder:
IV-«BYGNADSVÅRD I PRAKTIKEN» - Innvendig renovering, kap 2. Kôk og kôksinnredning. Gysinge sentrum for byggnadsvård (2009).

Kommentarer

10.03.2017 00:21

Jenny Marie Gulbrandsen

Flott innlegg!